Hopp til innhold
X
Innhald

Lærarskule i Sogndal frå 1963

Sogndal Lærarskule fekk sitt eige bygg på Fosshaugane på 1960-talet. No er lærarutdanninga ein del av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal Lærarskule fekk sitt eige bygg på Fosshaugane på 1960-talet. No er lærarutdanninga ein del av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På same vis som gymnaset vart ei utviding av realskuletilbodet i bygda i 1944, vart det i 1963 starta lærarskule i Sogndal i samarbeid med gymnaset. Lærarskulen fekk frå starten to klassar. Dei førsta åra heldt den til i Trudvang skule, men fekk seinare eige nybygg på Fosshaugane.

Dei første åra var lærarskulen i Sogndal underlagt Volda lærarskule, men vart i 1972 sjølvstendig skule.

Skulen hadde to-årig utdanning i ålmenfag - fire års utdanningstid for dei som ikkje hadde artium. I 1975 fekk skulen også ei line for førskulelærarar. Då Høgskulen i Sogn og Fjordane vart skipa i 1994, vart lærarskulen ein integrert del av denne saman med sjukepleiehøgskulen og ingeniørhøgskulen i Førde og studiesenteret på Sandane.

Då Høgskulen tok i bruk den ombygde fabrikkbygningen etter Sognesaft/Lerum på Foss i 1995, tok lærarutdanninga ein stor del av undervisningsarealet der.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.08.2011