Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Johannes Irgens

Lars Johannes Irgens. (© Eidsvoll 1814 Rikspolitisk Senter)

Lars Johannes Irgens. (© Eidsvoll 1814 Rikspolitisk Senter)

Lars Johannes Irgens (1775-1830) Fødd i Hof, Solør, og busett på Loftesnes, der han leigde hus av Michel Fleischer (1747-1814) - (sjå: Kjende personar i Sogndal fødde før år 1800). Sorenskrivar og Eidsvoll-mann.

Cand. jur. i 1802, og tilsett som sorenskrivar i Sogn same året. Irgens var utsending frå Nordre Bergenhuus Amt til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.

Irgens var også offiser nokre år. I 1816 flytta han frå Loftesnes til Solvorn, der han bygde ein ny, staseleg sorenskrivarbustad - Christiannelyst - oppkalla etter ektemaken Christianna (sjå artikkelen Sorenskrivaren budde lenge i Solvorn. På grava hans ved kyrkja i Solvorn er reist ein jarnkross.

Far til Nils Christian Irgens.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.02.2014