Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Olsson Uglum

Lars Olsson Uglum (1892-1971) frå Sogndal. Lærar og politikar. Han tok lærareksamen ved lærarskulen på Stord. Var lærar ved folkeskular i heimbygda, ved Sogndal Folkehøgskule frå 1918 til 1930, deretter lærar ved Trudvang skule.

Uglum vart i 1948 tilsett som første skuleinspektør i Sogndal kommune. Uglum var mangeårig formann i skulestyret i Sogndal og ordførar i fem år. Han engasjerte seg sterkt for å få starta realskule og gymnas i Sogndal.

Som styreformann i Sogndal kraftlag var Uglum engasjert i kraftutbygging i Bruafalli i Sogndalselvi. Han var dessutan styreformann for kraftselskapet L/L Årøy i 13 år.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.01.2010