Hopp til innhold
X
Innhald

Leiglendingar i skog og på sagbruk

Desse tre skogsarbeidarane har teke ein pust i bakken i arbeidet med kubbekapping i 1942. Frå venstre Trygve Hovland, Ingolf Hauståker og Birger Olstad. Ukjend fotograf. Eigar: Torvald Hovland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I skogbruket var det vanleg å bruke øks til felling heilt til saga - svanehalssaga - tok over kring 1930. Denne hadde oftast handtak i begga endar av bladet slik at to mann kunne dra samstundes.

Ein del tømmer vart sende i spesielle løyper ned ned dei bratte fjellsidene og i fjorden kring Kaupanger og Amla. I Kaupanger var det i alt atten og i Amla åtte slike tømmerløyper som kunne brukast både vinter og sommar.

Ei liknande tømmerrenne vart også nytta ved godset på Frønningen på andre sida av fjorden.

Det meste av skogsarbeidet og arbeidet på sagbruka vart utført av den store mengda leiglendingar og husmenn som Kaupanger Hovedgård heldt seg med heilt fram til etter andre verdskrig.

Pliktarbeid

Når det var arbeid i skogen eller på garden i onnene, vart husmennene tilsagde for pliktarbeid. Langt inn på 1900-talet hadde Kaupanger Hovedgård 16 husmannsplassar. I tillegg var det 18 leiglendinggardar. Einskilde av desse gardane kunne telje opp mot 200 da. når ein reknar med skogen.

På Kaupanger Hovedgård var det eit utal av arbeidsoppgåver. Her blir tunet feia i 1931.  Frå venstre Ragnhild Vadheim, Nils Skjerven og Anna Marie Moe, seinare gift med Nils Skjerven. Ukjend fotograf. Eigar:  Nils Skjerven/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Avvikla husmannsordninga

Straks Nils J. Knagenhjelm (fødd 1920) tok over som eigar av Kaupanger hovedgård i 1949, avvikla han husmannsvesenet, og dei som leigde jord, fekk kjøpe seg fri.

Dei siste åra har det meste av innmarka på bruket vorte nytta til granfrø-produksjon for stiftelsen Det Norske Skogfrøverk.Garden er i 2003 eigd og driven av Christen og Randi Knagenhjelm.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 24.08.2011