Hopp til innhold
X
Innhald

Leiv Bergum

Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Leiv Bergum fødd 1928 i Førde, busett i Sogndal. Fotograf.
Starta fotoforretning i Sogndal i 1950, og har m.a. gjeve ut biletbøkene «Fjord og Fjell» i fleire opplag frå 1960-talet og «Sognefjorden» (Skald 1998) saman med tekstforfattar Henning Rivedal.

I 2007 gav dei to også ut fotoboka ”Sogndal – Portrett av ein tettstad” (Skald forlag)), og i 2013 kom praktboka «Med helsing frå Sogn og Fjordane» (Skald forlag), også den med tekstar av Henning Rivedal.

Han har også arbeidd som kontaktfotograf for NRK Fjernsynet.

Bergum har gjort eit stort arbeid for å fotodokumentere Sogndal og andre bygder i indre Sogn, og han vart tildelt kulturprisen for Sogndal 2005.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.09.2013