Hopp til innhold
X
Innhald

Lerum satsar på Kaupangerskogen

Lerum-anlegget på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lerum-anlegget på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1987 skipa Lerum selskapet Polytech som bygde eigen flaskefabrikk til 30 millionar kroner på Kaupangerskogen, og i 1993 kjøpte selskapet eit eige fraktefarty - «Gunvor Lerum» for transport av ferdigvare og returgods. Skipet vart selt etter kort tid, og konsernet har sidan i hovudsak satsa på trailertranport av produkta.

Med sterk støtte frå Statens Nærings- og Distriktsutbyggingsfond (SND) vart eit nytt stort produksjonanlegg for mineralvatn teke i bruk på Kaupangerskogen i 1995. Anlegget var på 17.000 kvardratmeter og kosta 200 millionar kroner. Det hadde kapasitet til å produsere 27.000 liter brus og 15.000 liter saft i timen.

Bjarne Lerum var teknisk leiar for prosjekt og drift, og ein annan bror, arkitekt Vidar Lerum fødd 1947, teikna anlegget. Anlegga på Kaupanger skapte 150 nye arbeidsplassar. Men i 2006 vart det kjent at Lerum måtte skjere mykje ned på brusproduksjonen, og redusere arbeidsstokken med tilsaman 30 årsverk ved anlegga på Kaupangerskogen og på Lærdalsøyri. Fabrikken i Fjøra vart modernisert i 1997. I 2003 er Lerums industriverksemd delt mellom selskapa Lerum Fabrikker AS og Lerum Konserves AS.

Syltetøyet blir laga på anlegget i Sogndalsfjøra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Syltetøyet blir laga på anlegget i Sogndalsfjøra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om Lerum-konsernet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.08.2011