Hopp til innhold
X
Innhald

Leseselskap kan ha vore folkehøgskule

I boka «Die vier Norweger» i 1828 skildrar diktaren og naturfilosofen Henrik Steffens ein slags «folkehøgskule» som då var i drift i Sogndal.

Det var soknepresten og tre andre menn som dreiv skulen, og ektemakane deira var lærarar, skriv Steffens. Denne privatskulen dreiv undervisning for eldre born - dvs. dei som var ferdige med folkeskulen. I tillegg til å undervise i meir tradisjonelle fag, vart det sett av mykje tid til samtale mellom elevar og lærarar slik at elevane skulle utvikle seg åndeleg og kulturelt.

Leseselskap

Boka er ei novellesamling, men baserer seg på sjølvopplevde hendingar. Soknepresten på den tida var Peder Pavel Aabel. Aabel var ein typisk opplysningsprest som elles fekk skipa eit «leseselskap» for «dannede» i indre Sogn, og dessutan Sogndal Sogneselskab og folkebibliotek.

Den «folkehøgskulen» som Steffens diktar om, kan difor mest truleg vere det leseselskapet som presten dreiv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2008