L/L Sognesaft

Den første fabrikken til Lerum i Sogndalsfjøra. Eigar av foto: Lerum Fabrikker AS.
Lerum-fabrikken i Sogndal vart utvida med eit nybygg på 520 kvadratmeter i 1964, og i 1969 vart den siste biten av den gamle trebygningen frå 1920 rive.
L/L Sognesaft i 1975
I 1974 kjøpte Lerum eigedomane til den nedlagde Sognefjorden Ullvarefabrikk ved Sogndalselva og bygde det om til ein stor konservesfabrikk. Denne vart gjort til eige selskap under namnet L/L Sognesaft.

Lerum-anlegget på Foss som no er bygt om til høgskule.
Året etter opninga produserte fabrikken saft av 1.300 tonn frukt og bær, og Gartnerhallen vende seg til fabrikken for å få pressa saft som dei sjølve ikkje vann over.
I 1979 vart L/L Sognesaft slege saman med A/S Lerums Saftfabrikk. I 1976 hadde produksjonen auka til 3.360 tonn og kring 23 tilsette. Same året overtok Kåre Lerum som disponent etter faren Karl Lerum.
Les også om Lerum-konsernet.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 12.08.2011