Hopp til innhold
X
Innhald

Ludolf Johan Kramer Antonius Eide

Ludolf Johan Kramer Antonius Eide (1821-1908) frå Hovland i Kaupanger, busett i Haugesund. Skipsreiar, handelsmann og politikar.

Han hadde gått i handelslære før han etablerte seg som handelmann og skipsreiar i Haugesund. Her vart han seinare både kemner og bankdirektør.

Han var bystyremedlem og ordførar i Haugesund i fleire år. Britisk visekonsul 1865-1885 og dansk visekonsul frå 1873.

Vararepresentant til Stortinget frå Stavanger amt 1865-1866, frå Stavanger og Haugesund 1871-1873 og 1877-1885.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011