Hopp til innhold
X
Innhald

Ludvig Trædal

Ludvig Trædal. © Fylkesarkivet.

Ludvig Trædal. © Fylkesarkivet.

Ludvig Trædal (1872-1967) frå Norum. Lege. Han tok medisinsk eksamen i 1898 og arbeidde først som distriktslege i ytre Sogn med bustad i Lavik før han i 1922 flytta til Sogndal til tilsvarande stilling.

I Sogndal budde han på garden Bahus som i 1961 vart teken til tomt for Sogndal Hotell. Trædal var ein av dei første i bygda som skaffa seg bil, i 1922.

Første fylkeslegen

Ludvig S. Trædal vart frå 1925 også engasjert som den første fylkeslegen i Sogn og Fjordane. Denne stillinga hadde Trædal på deltid til 1947. I 1961 flytta han til Oslo.

I tida som distriktslege i Lavik gjorde Trædal ein stor innsats for å få bygt tuberkulosesanatoriet i bygda (seinare Lavik sjukeheim). - sjå: Tuberkuloseheimane.

Trædal vart utnemnd til riddar av St. Olav orden i 1946.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011