Hopp til innhold
X
Innhald

Lusakaupang og Kaupangergodset

Amlabukta sett frå vegen til Sogndal lufthamn på Haukåsen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Amlabukta sett frå vegen til Sogndal lufthamn på Haukåsen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Amlabukta - eller Kaupangerbukta som nokre vil kalle den - er ei lun fjordbukt lengst aust i Sogndal kommune.

I nyare tid er bukta kjend som viktig ferjeplass, men trafikken er stilna etter at riksveg 5 vart opna til nytt ferjeleie på Mannheller i 1995. Kring bukta ligg dei staselege herskapshusa til familiane Knagenhjelm, Heiberg og Falch Husum og vitnar om fordums rikmannsliv. Her ligg også den store Kaupanger stavkyrkje - og her låg også «Lusakaupang» - første kjende marknadsplassen i fylket.

Hovudhuset på Kaupanger Hovedgård. Trappearrangementet på sjøsida er bygt ut på 1900-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudhuset på Kaupanger Hovedgård. Trappearrangementet på sjøsida er bygt ut på 1900-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lusakaupang - marknadsplass for Sogn

«Kaupang»-namnet er kjent frå mellomalderen på åtte stader i Noreg. Lusakaupang dukkar opp i skriftleg kjelder seint på 1100-talet. Men skal ein m.a. døme etter alderen på dei eldste restane etter ei stavkyrkje på staden som truleg skriv seg heilt tilbake til 900-talet, kan denne første marknadsplassen i Sogn ha vore mykje eldre.

Kaupanger Hovedgård

På slutten av mellomalderen ser det ut til at jorda kring Amlabukta er samla under to store «hovudeiningar»: I 1522 er det berre nemnt gardane Amla og Kaupanger. Men medan Kaupanger på vestsida var ein stor gard, var Amla delt opp i tre gardar - ein på øvre, ein midtre, og ein for nedre Amla.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.08.2011