Hopp til innhold
X
Innhald

Lusakaupang

«Kaupang»-namnet er kjent frå mellomalderen på åtte stader i Noreg. Dei næraste til Sogn og Fjordane låg i Bjørgvin/Bergen og i Borgundgavlen i Ålesund kommune.

Lusakaupang dukkar opp i skriftleg kjelder seint på 1100-talet. Men skal ein m.a. døme etter alderen på dei eldste restane etter ei stavkyrkje på staden som truleg skriv seg heilt tilbake til 900-talet, kan denne første marknadsplassen i Sogn ha vore mykje eldre.

Låg truleg på Kaupanger Hovedgård

Lusakaupang låg mest truleg der det herskapelege hovudhuset og gardstunet til Kaupanger Hovedgård ligg i dag - like ved stavkyrkja. Omgrepet «lusakaupang» blir tolka som «liten» eller «ring/fattig».

Var også tingstad og styringsstad

I tillegg til kyrkje og marknadsplass var her også tingstad, og Lusakaupang tente som eit slags administrasjonssenter for indre Sogn. Ved utgravingar på vestsida av Kaupangerelvi på 1970-talet, fann ein også at det hadde vore drive jern- og tjøreutvinning i gamal tid.

Kan ha lege lenger oppe

Ein annan, men svakare dokumentert teori, er at kaupangen låg på ein terrasse 60 m.o.h. på Øvre Amla der tunet til Heiberg-garden no ligg. Her vart det på 1920-talet avdekt eit 60 centimeter tjukt lag med nevestor stein, oske og trekol og eit par hustufter.

Internasjonal handel på Lusakaupang

Lusakaupang var først og fremst ein marknadsstad for byte av varer.

Kong Sverre brende Lusakaupang

Våren 1184 - same året som slaget ved Fimreite, sende kong Sverre Sigurdsson 20 skip sørover frå Trondheim. Hærmennene ombord var på veg til Sogn for å gje sogningane ei grufull straff fordi dei hadde sett seg opp mot kongemakta.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.11.2008