Hopp til innhold
X
Innhald

Marknadsplass og handel i Kaupanger

Kaupanger i dag. Lusakaupangen låg truleg der Kaupanger Hovedgård ligg, midt på biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupanger i dag. Lusakaupangen låg truleg der Kaupanger Hovedgård ligg, midt på biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå tida kring år 1000 og fram til 1530 var Lusakaupangen den viktigaste handelsstaden i Sogn.

Lusakaupangen låg ved Amlabukta - mest truleg der Kaupanger Hovedgård ligg i dag. Ved ein straffeaksjon mot sognebønder i 1184, brende kong Sverre Sigurdson sine hærmenn ned Lusakaupangen. Den vart bygt opp att, og fungerte som det viktigaste senteret for handel og varebyte i Sogn fram til Lærdalsmarknaden overtok kring 1530.

På Nedre Amla vart det frå 1700-talet drive gjestgiveri. Kring 1850 vert det nemnt at ein mann også driv landhandel på Amlasanden. Seinare slo handelsmann Mølmesdal frå Lavik seg til på dampskipskaia i Kaupanger. Denne forretninga vart teken over av ein Olsen, og i 1907 av Hans Timberlid. Han vart også postopnar og telefonstasjonshaldar. Etter han overtok sonen Arne Timberlid landhandelen i Kaupanger, medan ein annan son, Eivind, vart post- og telefonstyrar.

Butikken vart kring 1960 flytta til ferjeleiet på Kaupanger, der Arne Timberlid dreiv til 1975, då Olsen-Bui (sjå O. Olsen) i Sogndal overtok og dreiv til 1990.

I denne bygningen som vart reist rundt 1960, dreiv Arne Timberlid butikk og kafé. Etter at det meste av ferjetrafikken vart flytta frå Kaupanger til Mannheller var det ikkje lenger grunnlag for drifta. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 11.08.2011