Hopp til innhold
X
Innhald

Maskinsenteret AS

Maskinsenteret AS på Hagalandet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Maskinsenteret AS på Hagalandet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Olav Selseng starta sal av landbruksmaskiner i Sogndal i 1969. Firmaet vart aksjeselskap i 1974 under namnet Selseng Maskin AS.

I 1983 kjøpte Selseng eit forretningsbygg som Mazda-forhandlar Peder Jensen Molland hadde bygt på Hagalandet i 1973. I 1988 kom BS Maskin inn som medeigar saman med Olav Selseng, og firmaet skifta namn til Maskinsenteret AS. I 2003 sysselset det 10 årsverk. Forretningsbygget er eigd av Selseng Eigedom AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.08.2011