Hopp til innhold
X
Innhald

Mathias Loftesnes

Mathias Loftesnes. Foto: Asse-Lennik.

Mathias Loftesnes. Foto: Asse-Lennik.

Mathias Loftesnes fødd 1989, frå Sogndal. Volleyballspelar. Han utvikla seg som volleyballspelar i Førde VBK og vart m.a. seriemeister med klubben. I sesongen 2012/2013 vart han toppskårar i den norske eliteserien.

I 2013 vart han profesjonell spelar i den belgiske klubben Euphony Asse-Lennik. I 2014 gjekk han vidare til den tsjekkiske klubben Karlovarsko.

Loftesnes har fleire landskampar i volleyball.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016