Matprodusentar i Sogndal
Enkeltomtalane er ordna etter oppstartsår:
Meieria i Sogndal
Stedje Mølle
vart bygt i 1893 av Erik Stedje og driven med ein 60 hestars turbin.
Theodor Nilsen bakeri
Theodor Nilsen starta bakeri i Sogndal ein gong før 1891.
O. Reinen
starta bakeri i Fjærland i 1898. Sonen Kåre Reinen tok seinare over.
Lars P. Tennefoss
starta slaktarforretning i Sogndal i 1900. Sonen Ludvig NitterTennefoss tok over og dreiv ut på 1960-talet. Seinare kom urmakar Olav Vatlestad i bygget, som no er rive, og Vatlestad flytta over i Sogningen Storsenter.
Johan Johannesen
frå Vik starta landhandel og bakeri i Sogndal i 1904 ved Fossetunet: Familien dreiv til 1980-talet. Huset står framleis og huser frisør og sjåførskule.
Sogndals Aktiebageri
Då dette «samyrkelaget» kom i gang i 1914, hadde det hatt ein forløpar som heitte Sogndal Spareforening - ei forbrukareigd handelslag som vart skipa i Sogndal i 1873.
Lerum-konsernet
Lerum-konsernet i Sogndal er ein av dei største produsentane av saft, syltetøy og leskedrikkar i Noreg, og er i 2003 den største industriarbeidsplassen i Sogndal kommune.
Fjærland Preserving L/L
Det var Hans R. Mundal som starta hermetikkfabrikken i Fjærland i 1923 etter at han i fleire år hadde drive tønneproduksjon.
Sogn Slakteri
i Sogndal vart bygt i 1956 av Vestlandske Salslag som det første store regionslakteriet i Sogn og Fjordane.
Sjå også: Gilde Vest Vestlandske Salslag i Førde
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 10.08.2011