Meierihistoria i Sogndal

Fire meiersker har teke ein pust i bakken bak gamle Sogndal meieri i 1938. Frå venstre Kari Hopperstad Skjerven, Kristina Rebni, Sigvor Kvåle Flæte og Anne Hopperstad Rebni. Dei to karane som slår av ein prat er Olav K. Lerum og Johannes Skjeldestad. Ukjend fotograf. Eigar: Sigvor Flæte/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Jens L. Øyna fraktar mjølkespannet sitt til mjølkerampa ved Notsete skule, Jostein Reppen balanserer på hesteryggen.
Frå 1830-talet vart det skipa såkalla «sokneselskap» i mange bygder. Desse utgjorde den lokale organisasjonen til «landhusholdningsselskapa» som for det meste vart styrde av embetsmenn som ivra for folkeopplysning og betre landbruksmetodar.
Landhusholdningsselskapa organiserte på 1830-talet m.a. ei ordning med reisande lærarar som skulle drive som vandrande «misjonærar» for moderne jordbruksmetodar - m.a. betre handtering av krøter og mjølkeprodukt.
Sogndal Sogneselskab vart skipa av opplysningspresten Peder Pavel Aabel kring 1830. Alt i 1831 fekk han sogndøler til å dyrke importerte kornsortar som t.d. himalayabygg.
Første jordbrukslærar var sogndøl
Den første vandrande «jordbrukslæraren» i Sogn og Fjordane var Elling Rasmusson Aaberge frå Sogndal.
Sogndalskvinne vart meieripionér
Teodora Selseng frå Sogndal vart etter utdanning på Utstein engasjert som vandrelærar i meieribruk i Sogn og Fjordane.

Første meieriet var privat
Då det i siste halvpart av 1800-talet vart aktuelt å byggje meieri i landet, stilte mange lokale sokneselskap seg i brodden for reising av slike.
Tre meieri i Fjærland
Fjærland fekk sine to første meieri på Bøyum og i Mundal i 1896.
Sogndal Meieri
vart skipa som eit lutlag av 72 bønder i 1913, og dei bygde til då det største meieriet i fylket i Sogndalsfjøra i 1914. Meieriet vart lagt ned i 1996. Meieribygget vart ombygt til m.a. studentheim, festsal og studentkro.

Anestølsvatnet med Anestølen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Ysting på Anestølen
På Anestølen inst i Sogndalsdalen driv dei i perioden 20. juni til 20. august med ysting av brun og kvit geitost. Det beitar 600 geiter der, og vertskapet inviterer turistane til å sjå korleis mjølking og ysting føregår.

Geiter ved Anestølen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 02.09.2011