Hopp til innhold
X
Innhald

Milorg-basen i Sogndalsdalen

Hytta i Fossekamben der Milorg hadde base under krigen. Eigar av foto: Sogndal Sogelag.

Hytta i Fossekamben der Milorg hadde base under krigen. Eigar av foto: Sogndal Sogelag.

Då løytnant Ragnar Ulstein frå Kompani Linge hausten 1944 vart landsett saman med Harald Svindseth på øya Dumba i Florø, hadde han som oppgåve i organisere motstandsgrupper for Milorg i heile Sogn og Fjordane i løpet av nokre få månader.

Sjølv tok Ulstein ansvaret for Sogn, der han bygde opp organisasjonen under kodenamnet «Siskin». Harald Svindseth organiserte ei tilsvarande gruppe med kodenamnet «Snowflake». Denne siste hadde tilhald i Ålfotfjella.

I Sogn vart kjøpmann Olav Rise på kaia i Leikanger viktig kontaktmann. Huset hans vart møtepunkt for Ulstein med nøkkelpersonar som skulle byggje opp motstandsgrupper kringom i Sogne-bygdene.

Hytta i Fossekamben der Milorg hadde base under krigen. Eigar av foto: Sogndal Sogelag.

Hytta i Fossekamben der Milorg hadde base under krigen. Eigar av foto: Sogndal Sogelag.

I Kaupanger fann Ulstein nokre av sine næraste medarbeidarar - Nils J. Knagenhjelm og Hans H. H. Heiberg. Heiberg var alt på den tida ein kjend mann som hadde stor tillit i Sogn, og vart difor utnemnt til distriktssjef for Milorg.

Hytta til sogndalskjøpmannen Olav Foss i Fossekamben i Sogndalsdalen vart valt til hovudkvarter for Siskin i Sogn. (Foss hadde alt i 1941 vorte med i ei lokal motstandsgruppe som vart organisert av Åsmund Tylden, men det var truleg lite denne gruppa fekk utretta). Ei stove på garden Elvagjeng vart også nytta av «Siskin». Kjernen i gruppa var forutan leiaren Ragnar Ulstein dei andre Linge-karane Nils Fjeld og Nils Thorsvik. Dei hadde den militære kommandoen, og hadde fast radiokontakt med London.

Halsavatnet der det var dropp-plass. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Halsavatnet der det var dropp-plass. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eit mislukka flyslepp

«Siskin» hadde kort tid på å organsiere seg. I tillegg til våpenlaster som med stor risiko vart henta av m.a. Ulstein og Knagenhjelm og sigla inn Sognefjorden, fekk gruppa i Sogndalsdalen også utstyr over frå England med flyslepp.

På Halsavatnet like ved leiren vart det markert dropp-plass med signallys. Men den 2. februar 1945 gjekk det gale. Ein dropp-container kom på avvege og hamna ved Hafslo, der ein bonde hadde funne den og pakka ut innhaldet - m.a. ein radio. Mannen skjøna ikkje korleis apparatet skulle setjast saman, og reiste til ein jøssing i Sogndal for å spørje om bruksanvisning.

Frå jøssingen lekka ryktet om radiofunnet på Hafslo, og folk frå «Siskin» måtte bruke dei hardast trugsmål om likvidasjon for å hindre at han sa noko meir. Milorg-folka sikra seg det mest av det farlege radioutstyret og fekk det unna.

Opprullinga av Milorg

Men nokre få dagar seinare kom den store opprullinga av Milorg i Sogn og Fjordane, då det etter lausmunna prat i Høyanger vart arrestert fleire personar.

Under hard tortur røpa dei arresterte sambandslinene mot motstandsgruppa «Siskin» i Indre Sogn. På Leikanger vart m.a. Olav Rise arrestert og torturert til han døydde.

Flukt frå Sogndalsdalen

Nokre dagar etter var tyske tropper på veg opp mot «Siskin» sin hovudbase i Sogndalsdalen. I all hast fekk «Siskin» gøymt unna våpen og utstyr i snøbrøyta langs vegen før dei sjølve stakk av, og då tyskarane kom inn i stova, sat gardsfolket og røykte illeluktande, heimeavla tobakk. Det gjorde dei for å døyve lukta av finare virginiasigaretter som var sende over med flylastene!

På veg opp frå Sogndalsfjøra hadde tyskarane rekvirert Bjarne Skjeldestad som skysskar med lastebilen sin. Han sytte for at bilen fekk mange «motorstopp» på vegen opp dalen, slik at tyskarane vart forseinka. Men tyskarane synte også interesse for hytta på fjellet der mange motstandsfolk hadde samla seg. Bygdefolket skulle vise veg opp dit, men greidde også her å sende varsel i førevegen og forseinke tyskarane slik at dei norske Milorg-folka kom seg unna. Tyskarane fann ikkje eit depot på fleire tonn med våpen som låg gøymde i ei snøskavl ved hytta.

Wibeke og Nils J. Knagenhjelm. Wibeke vart arrestert av tyskarane som trudde det skulle få ektemannen til å melde seg. Privat foto, utlånt av Christen Knagenhjelm.

Wibeke og Nils J. Knagenhjelm. Wibeke vart arrestert av tyskarane som trudde det skulle få ektemannen til å melde seg. Privat foto, utlånt av Christen Knagenhjelm.

Aksjon mot Kaupanger

Men tyskarane slo ikkje berre til mot «Siskin» i Sogndalsdalen: I Kaupanger vart Eivind Timberlid arrestert og hardt torturert av tyskarane. Nils J. Knagenhjelm oppdaga tyskarane før dei kom på døra, hoppa ut eit vindauge på baksida og stakk til skogs.

Men ektemaken Wibeke Knagenhjelm vart arrestert og halden som gissel i fleire månader m.a. i Høyanger og Bergen for å presse Nils J. Knagenhjelm til å melde seg. Det lukkast ikkje. Også distriktssjef Hans H. H. Heiberg på Øvre Amla fekk varsel og kom seg unna i tide. Saman med Knagenhjelm fekk han kontakt med Ragnar Ulstein i Sogndalsdalen, og etter ei strabasiøs ferd over høgfjellet, søkte dei dekning i Fjærland.

Milorg i Frønningen

Etter denne hendinga, torde ikkje «Siskin» å nytte Sogndalsdalen som base lenger, og flytta over til skogane i Frønningen på sørsida av Sognefjorden. Her heldt Milorg-gruppa til fram til freden den 8. mai 1945.

Les meir om Milorg i Sogn og Fjordane

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2011