Hopp til innhold
X
Innhald

Minnestein og kornmagasin etter krigen 1807-1814

Kornmagasin

I Sogndal er det reist bautasteinar i Fardal, på Storekleivi og på Almenningen til minne om sogndøler som deltok i krigen mot svenskane i åra frå 1807 til 1814. Steinane vart avduka i 1914 i samband med hundreårsjubileet for grunnlova. Det var Henrik Angell som reiste rundt i bygdene og inspirerte folk til å reise slike minnesteinar. I alt finst det 19 slike steinar i Sogn og Fjordane.

Kornmagasin

I krigs- og blokadeåra 1807-1814 vart det også bygt eit kornmagasin i Sogndal. Her kunne bøndene skaffe seg såkorn.

Liknande kornmagasin fanst også på Nordfjordeid og i Lærdal, og både der og i Sogndal vart salet av desse magasinbygningane omgjort til grunnfond då det vart skipa lokale sparebankar - Sogndal Sparebank i 1841 som den første i fylket.

Ved riksveg 55 i Fardal står denne sju meter høge minnesteinen, reist av bygdefolket i 1914. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved riksveg 55 i Fardal står denne sju meter høge minnesteinen, reist av bygdefolket i 1914. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.02.2014