Hopp til innhold
X
Innhald

Mons Eggum

Mons Larsson Eggum (1787-1867) frå Bjella i Sogndal. Bonde, lærar og politikar.

Var lærar i 12 år, og seinare bonde på Eggum. Hadde mange tillitsverv i lokalpolitikken, og var stortingsrepresentant i 1839.

Vurderte Kaupanger som by

Etter at fleire norske intellektuelle gjennom innlegg i Morgenbladet i Oslo tok opp ideen om at det måtte byggjast opp ein by i indre Sogn som motvekt mot Bergens-dominansen (sjå eigen artikkel), tok Mons Eggum saka opp i Stortinget i 1840. Dette resulterte i at Stortinget sett ned ein kommisjon som vurderte Kaupanger, Skjolden, Årdal og Lærdalsøyri som aktuelle lokaliseringsstader for ein by.

Kommisjonen konkluderte med at Lærdalsøyri måtte få ladestedstatus, dvs. bystatus, men framlegget vart nedrøysta.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.03.2008