Hopp til innhold
X
Innhald

Mundal & Vangsnes AS

Landhandelen til Mundal & Vangsnes heldt dei første åra  til i dette huset, der det no er turistkafé.Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Landhandelen til Mundal & Vangsnes heldt dei første åra til i dette huset, der det no er turistkafé.Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mundal & Vangsnes AS landhandel vart starta i Fjærland i 1893 av Lasse A. Mundal og Vilhelm L. Vangsnes. Frå 1907 dreiv Vangsnes forretninga åleine. Sonen Leif Vangsnes tok over på 1940-talet, og dottera hans Barbara Vangsnes i 1972.

Då Sogn Samyrkelag la ned Fjærlands-butikken sin i 2000, kjøpte Barbara Vangsnes denne og flytta verksemda over dit, og vart etter dette einaste daglegvarebutikk i bygda. Etter at Fjærland postkontor vart lagt ned i 1998, har butikken også hatt såkalla post-i-butikk-ordning.

Mundal & Vangsnes har no flytta inn i lokala som vart ledige då Coop la ned butikkdrifta si i Fjærland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mundal & Vangsnes har no flytta inn i lokala som vart ledige då Coop la ned butikkdrifta si i Fjærland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.08.2011