Hopp til innhold
X
Innhald

Mundal Hotel

 Hotel Mundal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Hotel Mundal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Brita og Olaus Dahle i hotellhagen i 1929. Ukjend fotograf. Eigar: Kari Kvamme/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Brita og Olaus Dahle i hotellhagen i 1929. Ukjend fotograf. Eigar: Kari Kvamme/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hotel Mundal i Fjærland vart bygt i 1891 av Olaus Dahle og kona Brita Dahle f. Mundal saman med hennar brør Johannes, Per og Mikkel Mundal.

Hotellet er teikna av den kjende arkitekten og «kyrkjereddaren» Peter Andreas Blix som slo seg ned i Vik. Det er bygt i sveitsarstil og m.a. utstyrt med eit staseleg verandabygg i det eine hjørnet, pryda med eit kjegleforma takspir, slik Blix også hadde nytta i andre bygg han hadde teikna - m.a. den gamle brannstasjonen i Bergen.

Mikkel Mundal dreiv breføring

Før Hotel Mundal vart bygt var det mange turistar som tok losji hos Mikkel Mundal som dreiv forretning ved kaia i Mundal, og i tillegg var første breførar i bygda. På hotellet kan ein framleis lese i den gamle gjesteboka «Stationsbog for Mundals Gjestgjiveri» kven som vitja Fjærland på denne tida.

Fleire utvidingar

Hotellet vart i 1938 overteke av Olaus Dahle sin son Sigurd Dahle og utvida fleire gonger i mellomkrigstida til i alt 100 senger. I 1957 døydde Sigurd, og hotellet vart overteke av dottera Borghild Dahle Orheim.

Mundal Hotel på prospektkort frå tidleg på 1900-talet. Foto: Paul E. Ritter. © Fylkesarkivet.

I 1982 overtok dottera Marit Orheim Mauritzen eigedomen, og ho dreiv hotellet i samarbeid med syskena Olav Orheim, Alf Orheim og deira familiar. Professor Olav Orheim er den kjende bre- og polarforskaren som m.a. har leia fleire ekspedisjonar i Antarktis, og er leiar av Norsk Polarinstitutt i Tromsø.

Syskena Marit og Olav var initiativtakarane til å få bygt Norsk Bremuseum i Fjærland. I 2008 overtok Hilde Mauritzen og Rolf Wikborg/Tørvis Hotel det tradisjonsrike hotellet i Fjærland. Sommaren 2014 var hotellet for første gong sidan etableringa stengt. I 2015 kjøpte investoren Ola Moe frå Gjøvik Mundal Hotel av Wikborg, og Mundal Hotel opna dørene igjen for turistar.

Trass i fleire tilbygg, er hovudfasaden mot fjorden med det kjende hjørnetårnet teke vare på, og innreiing og møblar i salongane er dei same som for 100 år sidan. Slik står hotellet i dag fram som eit levande museum.

Slik ser Hotel Mundal ut når vi ser mot fjorden. Utvendig er det knapt gjort endringar sidan hotellet vart bygt i 1891. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Slik ser Hotel Mundal ut når vi ser mot fjorden. Utvendig er det knapt gjort endringar sidan hotellet vart bygt i 1891. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 17.06.2015