Hopp til innhold
X
Innhald

Munthe tok Årøy tilbake

Gerhard Chr. Munthe.

Gerhard Chr. Munthe.

Christopher Hartvig Munthe.

Christopher Hartvig Munthe.

Men i 1811 tok ein frå Munthe-slekta tilbake Årøy på odel. Det var Gerhard Christoffersen Munthe (fødd 1791-1878), som hadde vakse opp i Kroken. Nitter måtte etter dette flytte tilbake til Solvorn.
Munthe gifta seg med Sigrid Odnes, og eitt av dei sju borna deira var den kjende kunstmålaren Ludvig Munthe.

Den eldste guten i syskenflokken, Christoffer Hartvik Munthe (1838-1925) overtok Årøy. Han kalla seg «proprietær», slik det var vanleg at storbønder og rike skogeigarar titulerte seg på den tida. Det var han som på 1850-talet bygde det første klekkeriet i Årøy og frå 1867 tok til å leige bort laksefisket i Årøyelva til sportsfiskarar - sjå: Kjempelaksen i Årøy.

Då ungkaren Christoffer Hartvig Munthe døydde, var det ein son av kunstmålar-broren Ludvik Munthe, Christopher Caspar Andreas Munthe, som fekk Årøy. I tillegg til å vere bonde og skogbrukar, var han kunstmålar som faren. I 1935 bygde han nytt, stort klekkeri ved elva.

Sjå også: Munthe-garden i Årøy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.08.2011