Hopp til innhold
X
Innhald

Museumsbyggjarane Heiberg

Museumsbygningen som Gert Falch Heiberg sette opp i Amla i 1905. ”Det Heibergske Familiemuseum Sogns Folkemuseum” og ”Anno 1905” står det i brystveggen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Museumsbygningen som Gert Falch Heiberg sette opp i Amla i 1905. ”Det Heibergske Familiemuseum Sogns Folkemuseum” og ”Anno 1905” står det i brystveggen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hans Knagenhjelm Heiberg vart korkje rådlaus eller motlaus av at heimen hans var ribba i 1852 (sjå: Øvre Amla som bustad for amtmannen). Han sette i gang for å samle mest mogeleg av dei tapte familieklenodia tilbake til garden. Han skipa «Det Heibergske Portraitgalleri paa Amblegaard».

Men samleiveren gjekk langt vidare enn til å sanke tilbake det som var flytta frå garden, og til slutt var det fullt frå loft til kjellar. I 1893 sette Hans Knagenhjelm Heiberg av midlar til «Det Heibergske Familiemuseum paa Amblegaard».

Muséumsområdet i Øvre Amla i 1954. Den kvite bygningen med to arker er prestegardshuset frå Vik som no er flytta til det nye muséumsområdet på Kaupangerskogen. I den store bygningen til høgre var det ei stor samling med reiskapar og båtar. Foto frå Johan Ottesens arkiv.

I 1897 tok Gert Falch Heiberg over eigedomen, og vart ein endå meir ihuga samlar enn faren hadde vore. Han vart ein nær ven av museumsbyggjaren Anders Sandvig som skapte Maihaugen på Lillehammer. Sandvig var ofte med Heiberg når han reiste rundt i Sogn på samlarferd.

Muséumsområdet i Øvre Amla i 1954. Den kvite bygningen med to arker er prestegardshuset frå Vik som no er flytta til det nye muséumsområdet på Kaupangerskogen. I den store bygningen til høgre var det ei stor samling med reiskapar og båtar. Foto frå Johan Ottesens arkiv.

Muséumsområdet i Øvre Amla i 1954. Den kvite bygningen med to arker er prestegardshuset frå Vik som no er flytta til det nye muséumsområdet på Kaupangerskogen. I den store bygningen til høgre var det ei stor samling med reiskapar og båtar. Foto frå Johan Ottesens arkiv.

Museumhusa vert reiste

I 1905 bygde Gert Falch Heiberg ein stor museumsbygning i tunet på Øvre Amla. Der står det skore inn i veggen: «De Heibergske Familiemuseum - Sogns Folkemuseum» (sjå biletet øvst på sida).

I tillegg til fleire tusen gjenstandar, flytta Heiberg ei mengd gamle hus frå Sogne-bygdene og sette dei opp som museum like ved gardstunet. Det største var den gamle prestegarden frå Vik i Sogn (dette vart flytta og gjenreist etter at G. F. Heiberg var død).

Seinare vart det også reist eit stort hus for alle båtane som han hadde samla.

I denne bygningen var det ei stor reiskapssamling og mange båtar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I denne bygningen var det ei stor reiskapssamling og mange båtar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stor reiskapssamling

Noko av det mest verdfulle frå Gert Falch Heiberg si tid er den store samlinga av gamle handverkar- og jordbruksreiskap. Dette er ei av dei største samlingane av slike reiskapar i Norden.

I 1909 vart Historielaget for Sogn skipa, og Heiberg overdrog samlingane sine til laget. Seinare fylkeskonservator Svein L. Vold vart ein god hjelpar for Heiberg då han i 1937 vart tilsett som museumsassistent. Både Gert Falch Heiberg sin son, Hans H. H. Heiberg og sonensonen Gjert Heiberg har teke aktivt del i museumsdrifta og hatt leiande tillitsverv i museumsstyret.

Portalen er flytta frå Amla, der muséet var fram til 1970-talet. Portalen er laga ca. 1900 av John Hove frå Vik.

Portalen er flytta frå Amla, der muséet var fram til 1970-talet. Portalen er laga ca. 1900 av John Hove frå Vik.

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

I museumstunet på Øvre Amla stod dei gamle bygningane tett, og brannfåren var stor. På 1970-talet starta så flyttinga av museet til ei ny tomt på Kaupangerskogen. I 2003 har museet ei samling av kring 50 antikvariske hus og kring 50.000 gjenstandar. Biblioteket innheld 30.000 bøker.

Frå 1970-talet har museet halde til på Kaupangerskogen. Huset vi ser er flytta dit frå Sogndal Folkehøgskule på Helgheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå 1970-talet har museet halde til på Kaupangerskogen. Huset vi ser er flytta dit frå Sogndal Folkehøgskule på Helgheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn Fjordmuseum

Sogn Fjordmuseum ved ferjeleiet i Kaupanger inneheld samlingar av m.a. av eldre båtar og sjøbruksutstyr frå Sogn.

Les meir om Amla-gardane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 30.08.2011