Hopp til innhold
X
Innhald

Mykje bjørn i Sogndalsdalen

Selseng i Sogndalsdalen. I fjella rundt var det mykje bjørn på 1700-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Selseng i Sogndalsdalen. I fjella rundt var det mykje bjørn på 1700-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I gamal tid var det mykje bjørn i fjella kring Sogndalsdalen og Fjærland. I 1734 fekk to bjørnejegerar frå Flatland og Kvam utbetalt premiar for å ha felt to bjørnar. I 1741 vart det utbetalt ein fellingspremie til Selseng. Også i 1796 fekk ein kar frå Flatland utbetalt fellingspremie for ein bjørn.

På tinget i 1741 kom det opp ei sak om ei vådeskotulukke under bjørnejakt i Sogndalsdalen i 1740. Der stemna enkja etter Torgeir Selseng inn Nils Flatland for å ha skote Torgeir i låret under ei bjørnejakt. Torgeir døydde nokre dagar seinare av skaden. Men bygdetinget fann ikkje at Nils Flatland hadde handla så aktlaust at han fortente straff.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2018