Hopp til innhold
X
Innhald

Nagløyri

Nagløyri måla av den jødiske flyktningen Hans Huszer under andre verdskrigen.  Foto: Malvin Tufte. Eigar: Haldis Tufte/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Nagløyri måla av den jødiske flyktningen Hans Huszer under andre verdskrigen. Foto: Malvin Tufte. Eigar: Haldis Tufte/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Nagløyri kallast garden på elvesletta ved utløpet av Årøyelva. Garden heitte opphaveleg Bruavoll.

Her var det i gamal tid skysstasjon for folk som reiste mellom Sogndal og bygdene innanfor, i Hafslo og Solvorn. I 1661 fekk den rike eigaren av Kroken i Luster, bergenskjøpmannen Bernt Arntzen Nagel, hand om Bruavoll og fiskerettane i Årøyelva. Fiskerettane kjøpte han frå futen i Bergen, Per Jansson.

Sjølv flytta Bernt Nagel etter ei tid frå Kroken til Bergen. Men sonen Anders Berentson Nagel var ein ivrig laksefiskar, og han busette seg på Bruavoll, som no etter kvart vart kalla opp att etter eigaren Nagel: Nagløyri.

Ein bror av Anders var den velståande handelsmannen på Årdalstangen, Dominikus Berntsen Nagel. På 1700-talet budde opprøraren Nils Christen Dankertson Kvithovud på Nagløyri.

Nagløyri i 2007. Hovudhuset vi såg på måleriet til Huszer står framleis, men er til nedfalls. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nagløyri i 2007. Hovudhuset vi såg på måleriet til Huszer står framleis, men er til nedfalls. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Industridraumar på Nagløyri

Heilt fram på slutten av 1700-talet var Nagløyri eigd av folk frå aristokratiet på Vestlandet. I 1899 kjøpte grosserar Konow og andre frå Oslo fallrettane i Årøyelva og hadde planar om stort kraftverk og industri. I 1910 kjøpte difor den same gruppa Nagløyri til industri og arbeidarbustader, men planen rann ut i sanden, og fallrettane i Årøy gjekk over til andre - sjå: Kraftutbygginga i Sogndal.

Les meir om: Adels- og embetsgardar på rekkje og rad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011