Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Landmark Lem

Nils Landmark Lem (1849-1921) fødd i Førde, busett i Sogndal. Lensmann og forretningsmann.

Nils Landmark Lem (1849-1921) fødd i Førde, busett i Sogndal. Lensmann og forretningsmann.

Lem arbeidde som fullmektig hjå futen i Sogn 1870-1876, amtsfullmektig frå 1876 og lensmann i Sogndal frå 1879 til 1916.

I 1888 kjøpte Lem saman med andre Sognefjordens Uldvarefabrikk frå skotten Wilfred Burton Rowley Kennedy. I 1902 kjøpte han den gamle handelsstaden Moldøen i Vågsøy, men flytta sjølv aldri dit.

Same året kjøpte han ein av dei første motorbåtane i Sogn og Fjordane. Den vart noko seinare selt til Bottolf Styvi frå Nærøyfjorden, og gjekk på folkemunne under namnet «Purkao».

I 1914 gjorde han opptaket til skipinga av Sogndal Aktiebageri - det som seinare vart Sogndal Samyrkelag.

Lem-hagen

I Sogndal planta han m.a. ut ein stor frukthage på eigedomen sin. Denne vart seinare kjent som «Lem-hagen».

Han var elveeigar og vart første leiar i Sogn Laksestyre frå 1894 til 1909.

Lem var også ein ivrig jeger og skaut m.a. tre bjørnar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011