Hopp til innhold
X
Innhald

Norsk Bremuseum

 Bremuseet i Fjærland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Bremuseet i Fjærland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Etter opptak frå m.a. glasiologen og polarforskaren, professor Olav Orheim og systera, hotelleigar Marit Orheim Mauritzen ved Mundal Hotel, vart det på slutten av 1980-talet skipa ei stifting for å få bygt eit bremuseum i Fjærland.

Bak stiftinga Norsk Bremuseum står Den Norske Turistforening, International Glaciological Society, Norges Vassdrags- og energidirektorat, Norsk Polarinstitutt, Høgskulen i Sogn og Fjordane og universiteta i Oslo og Bergen.

Norsk Bremuseum sett mot fjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norsk Bremuseum sett mot fjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Verdskjend akitekt

Den verdskjende norske arkitekten Sverre Fehn fekk i oppdrag å teikne museumsbygget, som vart opna av dronning Sonja i 1991. Bygget med sin særeigne fasade vekte oppsikt vide omkring. Det innheld m.a. ein kinosal, der publikum på rundskjerm kan vere med på ei reise over breen. Den første brefilmen vart laga av den kjende norske filmskaparen Ivo Caprino.

Frå Norsk Brémuséum er det  naturleg for turistane å ta turen inn til Supphellebréen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå Norsk Brémuséum er det naturleg for turistane å ta turen inn til Supphellebréen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Pedagogisk utstilling

Utstillingane er delte inn i 23 tema som på ein lettfatteleg måte, med modellar, viser korleis breane har vorte danna og utviklar seg.

Stor attraksjon

Norsk Bremuseum har vorte ein av dei største turistattraksjonane i Sogn og Fjordane, og er ved sida av Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn og Breheimsenteret i Jostedalen like ved Nigardsbreen dei tre informasjonssentra som skal dekkje Jostedalsbreen nasjonalpark.

Moderne turistbygd

Fram til 1994 vart Fjærlandsfjorden trafikkert av ferje mellom Mundal og Hella. Opninga av tunnelsamband gjennom Bergetunnelen og Frudalstunnelen mot Sogndal i 1994 gav ein ny framskuv for Fjærland som ei moderne turistbygd. Fylkesbaatane og andre selskap har i turistsesongen drive båtruter mellom Fjærland og Gudvangen.

Milliongåve til klimasenter

I 2006 gav milliardæren Jens Ulltveit Moe 15 millionar kroner til Norsk Bremuseum slik at det kunne utvidast med ei avdeling der ein viser endringane i klimaet på jorda og kva som påverkar dette.

 Bremuseet i Fjærland. Foto: Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Bremuseet i Fjærland. Foto: Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.10.2011