Hopp til innhold
X
Innhald

Nyare overnattingsstader i Sogndal

Quality Sogndal Hotell er den største overnattingsstaden i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Quality Sogndal Hotell er den største overnattingsstaden i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Gunvordal hotell- «jakthotellet» i Sogndalsdalen

Dei øvste gardane på sørsida av Dalsvatnet i Sogndalsdalen heiter Gunvordal. Her bygde gardbrukaren Nils Gunvordal i 1868 eit etter måten stort hotell.

Fossetunet ca. 1950 med Danielsens Hotell til høgre. Foto: Normann. © Fylkesarkivet.

Fossetunet ca. 1950 med Danielsens Hotell til høgre. Foto: Normann. © Fylkesarkivet.

Danielsens Hotell

vart starta i 1891 av Daniel Danielsen og var eit framhald av gjestgiveriet som låg på Nytappen/Fossetunet i Sogndalsfjøra.

Hotel Mundal i 1895. Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UBB.

Hotel Mundal i 1895. Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UBB.

Hotel Mundal

i Fjærland vart bygt i 1891 i sveitsarstil og m.a. utstyrt med eit staseleg verandabygg i det eine hjørnet, pryda med eit kjegleforma takspir. Før Hotel Mundal vart bygt, var det mange turistar som tok losji hos Mikkel Mundal som dreiv forretning ved kaia i Mundal, og i tillegg var første breførar i bygda.

Denne bygningen på Øvre Stedje vart reist som pensjonat, men vart etter 12 års drift seld til kommunen, som brukte den til aldersheim i mange år. I 2008 er det mellom anna kyrkjekontor og barnehage her.

Denne bygningen på Øvre Stedje vart reist som pensjonat, men vart etter 12 års drift seld til kommunen, som brukte den til aldersheim i mange år. I 2008 er det mellom anna kyrkjekontor og barnehage her.

Systrene Anna Christine og Amalia Lem

starta pensjonat på Øvre Stedje i 1894. Dette dreiv dei til 1908 då Peder J. Næss tok over. Han kjøpte like etter det gamle gjestgiveriet på Hofslund og bygde Hofslund Hotell. Pensjonatet på Øvre Stedje selde han til gamleheim for bygda.

Loftesnes Pensjonat og Kafé

vart starta i Sogndalsfjøra av ekteparet Ola og Maria Loftesnes i 1899.

Loftesnes Fjord Pensjonat

- sjå Loftesnes Pensjonat og Kafé.

Hofslund Fjord Hotel. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hofslund Fjord Hotel. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hofslund Hotel

I 1909 kjøpte ekteparet Peder J. Næss og Anna f.Tørvi frå Marifjøra det gamle gjestgiveriet på Hofslund av Ola Håkonsen.

Hofslund Fjord Hotel

– sjå Hofslund Hotel.

Bjelles Pensjonat & Café

vart starta i Sogndal i 1910 av Torstein Bjelle. Kaféen og pensjonatet hadde fem gjesterom. Sonen Norvald Urdal Bjelle overtok i 1945 og dreiv kafeen og pensjonatet til 1960.

Steinarheim Kafé og Pensjonat heldt til i huset til venstre i biletet. Det store huset er bokhandelen til O. J. Skjeldestad.

Steinarheim Kafé og Pensjonat heldt til i huset til venstre i biletet. Det store huset er bokhandelen til O. J. Skjeldestad.

Steinarheim Kafé og Pensjonat

vart starta i Sogndal i 1932 av Olga Svedal. Den heldt til i eit vakkert gamalt hus like ved O. J. Skjeldestad bokhandel. Verksemda var i drift til byrjinga av 1970-talet. Huset vart rive på 1980-talet. Les meir om landhandelen Steinarheim.

Fjærland Fjordstue Hotell, tidlegare Fjærland Pensjonat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjærland Fjordstue Hotell, tidlegare Fjærland Pensjonat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjærland Pensjonat

vart bygt av Jon Mundal i 1936 ved sjøkanten i Mundal. Pensjonatet vart utvida på 1950-talet og 1970-talet, og har 35 senger. I 1989 kjøpte Arne N. Løland pensjonatet. Ved eigarskiftet fekk pensjonatet namnet Fjærland Fjordstue Hotell. Hotellet held berre sommarope.

Fjærland Fjordstue Hotell

- sjå Fjærland Pensjonat.

Lægreid Hotell AS

Lægreid Hotell i Sogndal sentrum starta i 1936 med at Anna og Magnus Lægreid tok til med kafédrift i bustadhuset sitt.

Lægreid Pensjonat

- sjå Lægreid Hotell AS.

Best Western Lægreid Hotell

- sjå Lægreid Hotell AS.

Amla Nedre med Amla Brygge. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Amla Nedre med Amla Brygge. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Husum Gjesteheim og Motell

i Amla Nedre - les meir i artikkelen Heibergane kjem til Amla under Historie.

Kjørnes Camping

vart starta i 1950 av Torstein Kjørnes.

Stedje Camping. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stedje Camping. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stedje Camping

starta på 1950-talet på garden Stedje - sjå: Storgarden Stedje.

Sogndal Hotell

Sogndal Hotell er i 2003 det største hotellet i indre Sogn, og vart bygt i 1962 på Bahus.

Quality Hotel Sogndal

- sjå Sogndal Hotell.

Park Minitell

vart starta i Sogndalsfjøra i 1967 med 23 senger, og vart seinare utvida med m.a. restaurantar og symjebasseng.

Norlandia Park Hotell

- sjå Park Minitell.

Lems Bungalows

campingplass på Valeberg mellom Sogndal og Kaupangerskogen vart starta i 1974.

Vesterland Feriepark. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vesterland Feriepark. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vesterland Feriepark

Vesterland Feriepark på Kaupangerskogen vart starta i 1981 og er eitt av dei største overnattings- og fritidssentra i fylket, med ein kapasitet på over 560 overnattingsgjester i tillegg til ei mengd aktivitetstilbod.

Norlandia Vesterland Resort

- sjå Vesterland Feriepark.

Hjorten Kro og Motell

på Kaupangerskogen vart bygd i 1985.

Bøyum Camping AS

i Fjærland vart starta i 1994.

Selseng Holiday AS

ein feriepark øvst i Sogndalsdalen, vart starta i 2006 av Jarle Selseng. Anlegget vert på fleire feriehytter, og det er planar om byging av ei golfbane.

Selseng Holiday. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Selseng Holiday. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal Lodge

I 2013 starta Sigrid Henjum og Sander Buene gjestehuset Sogndal Lodge med tre rom og til saman ni sengeplassar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.02.2014