Hopp til innhold
X
Innhald

O. J. Aaberge landhandel

Aabergebui

O. J. Aaberge starta landhandel i Sogndal i 1872. Sonen Theodor Aaberge tok over i 1918 og dreiv med manufaktur og sko, jernvarer, glas, sportsartiklar og bygningsartiklar. Sonen Olav Aaberge og deretter sonesonen Terje dreiv forretninga fram på 1990-talet.

Aabergebui

I Sogndalsfjøra heldt firmaet til i den velkjende «Aabergebui». Aaberge Eigedom har sidan bygt eit stort forretningsbygg som no er ein del av handelsarealet i Sogningen Storsenter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2008