Hopp til innhold
X
Innhald

O. J. Skjeldestad

Skjeldestad Libris. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skjeldestad Libris. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Marianne Brøgger frå Bergen starta i 1906 bok- og papirhandel i Sogndal. I 1936 overtok Olav J. Skjeldestad forretninga og bygde nytt forretningsbygg. Skjeldestad-familien har sidan drive firmaet som flytta inn i forretningsgarden Sentrumsbygg AS då den stod ferdig i 1970.

I 1981 opna O.J. Skjeldestad filial på Hermansverk.

Namnet er seinare endra til Skjeldestad Libris.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.08.2011