Hopp til innhold
X
Innhald

O. Olsen landhandel og bakeri

O. Olsen starta i 1882 landhandel og bakeri i Sogndal.

Verksemda vart seinare overteken av Olav J. Loftesnes som utvida med stort bakeri med fire bakarar. Bakeriet leverte varer til butikkar og hotell vidt omkring indre Sogn. Dei var også tidleg ute med kjøle- og fryselager i forretninga «Olsen-Bui», der det arbeidde opptil seks personar.

I 1975 overtok Olsen-Bui butikken etter Arne Timberlid i Kaupanger og dreiv til 1990.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2008