Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Ingebriktsson Supphellen

Illustrasjon. (NRK)

Illustrasjon. (NRK)

Ola Ingebriktsson Supphellen (1715-1804) frå Fjærland. Bonde og bjørnejeger.

Han var ein vide kjend bjørneskyttar. I 1781 vert det i tingbøkene nemnt at han dei siste 20 åra har skote 25 vaksne bjørnar, og dessutan teke livet av fleire som han ikkje hadde funne att. Han fekk 6 riksdalar i premie for dette av Det nyttige Selskab i Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2008