Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Olsson Vee

Ved inngangen til Olsenbui ein fin sommardag i 1932. Frå venstre Erik Loftesnes, Gudrun Loftesnes og Margit Myklestad. I vogna sit Kirsten Loftesnes. Ukjend fotograf. Eigar: Gudrun Loftesnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ved inngangen til Olsenbui ein fin sommardag i 1932. Frå venstre Erik Loftesnes, Gudrun Loftesnes og Margit Myklestad. I vogna sit Kirsten Loftesnes. Ukjend fotograf. Eigar: Gudrun Loftesnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ola Olsson Vee frå Årdal starta bakeri i Sogndalsfjøra i 1882. Ola O. Vee (1860-1927) utvida seinare med assortert landhandel. Butikken vart kalla Olsenbui.

Broren Sjur (Døsa-Sjur) dreiv også som handelsmann i Sogndalsfjøra etter etter å ha vore nokre år i Amerika. Faren til desse brørne, Ola O. Dale, hadde gard på Vikheim i Sogndalsdalen.

Firmanamnet vart ved seinare eigarskifte O. Olsens Eftf.

Verksemda vart seinare overteken av dotterson til Ola O. Vee, Olav J. Loftesnes, som utvida med stort bakeri med fire bakarar. Bakeriet leverte varer til butikkar og hotell vidt omkring i indre Sogn. Dei var også tidleg ute med kjøle- og fryselager i forretninga "Olsenbui", der det arbeidde opptil seks personar.

I 1975 overtok ”Olsenbui” butikken etter Arne Timberlid i Kaupanger og dreiv til 1990.

I 1989 overtok Jan Knut Einarsen Olsenbui og naboeigedomen ”Johannessenbui” og starta Fjøra Mat (sjå dette under J. Johannessen Brød- og Kolonialhandel).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.08.2011