Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Holes Handelsskule

Annonse for Olav Holes Handelsskule.

Annonse for Olav Holes Handelsskule.

Olav Hole starta privat handelsskule i Sogndal i 1940. Frå før hadde fylket ein handelsskule, starta av Georg Kragseth (sjå: Skular i Eid) på Nordfjordeid i 1932, og Florø Merkantile Forenings Handelsskule frå 1935 (sjå: Skular i Flora).

Hole fekk dei første åra leige klasserom i folkeskulebygget Trudvang, og fekk fritt hus av kommunen. Skulen hadde opptil tre klassar, og i 1947 kjøpte Hole ei tyskarbrakke som han bygde om til skulehus. Denne vart sidan kalla «Holebrakka» på folkemunne.

Frå 1957 vart handelsskulen trappa ned til berre eitt kurs i året. Skulen var i drift til kring 1970. Dei siste driftsåra underviste Hole sjølv på realskulen og gymnaset, medan ein annan lærar dreiv handelsskulen.

Les også om Sogndal Handelsskule

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.08.2011