Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Orheim

Olav Orheim ved Bøyabreen. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Olav Orheim ved Bøyabreen. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Olav Orheim fødd 1942 i Bergen, busett i Tromsø. Bre- og klimaforskar, direktør for Norsk Polarinstitutt.

Cand. real. Universitetet i Bergen 1968, doktor philos. Ohio State University 1972. Frå 1972 til 1993 leiar for den antarktiske seksjonen ved Norsk Polarinstitutt og frå 1993 direktør for Norsk Polarinstitutt. Har som forskar leia fleire ekspedisjonar til Antarktis og gjeve ut ei mengd vitskapelege publikasjonar.

Mellom mange nasjonale og internasjonale verv har Orheim vore medlem av den norske delegasjonen til Antarktis-konferansar i meir enn 20 år, visepresident i den internasjonale komitéen for antarkisk forsking 1994-1998, hatt leiande tillitsverv i International Glaciological Society og vore medlem av styringskomiteen i European Polar Board.

Orheim har nær tilknyting til Fjærland som medeigar i familiehotellet Hotel Mundal, og var ein av medskiparane av Norsk Bremuseum. Bror til Marit Orheim Mauritzen.

Olav Orheim vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 2007.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.09.2011