Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Stedje

Olav Stedje fødd 1953 i Sogndal, busett i Bærum. Trubadur.
Debuterte som songar med Sogndals-bandet Compact tidleg på 1970-talet, og gav ut to singleplater saman med bandet.

Nasjonalt slo Stedje gjennom med albumet «Ta meg med» i 1981, og har sidan gjeve ut albuma «Olav Stedje» 1982, «Tredje Stedje» 1982, «Silje» 1983, ein CD med julesongar saman med Randi Hansen 1983, «Når sola renn» 1986, «Eg kjem likevel» 1988, «Bot og betring» 1995, «21 beste», samle-CD 1998, «Livstegn» 2006, "I levande live" 2009, "Ikkje utan deg" 2010, og "Vest for verdas ende" 2013.

Stedje vann Spellemannsprisen 1982 for «Ta meg med», og har seinare vore nominert til Spellemannsprisen to gonger.

Olav Stedje har også delteke i Sogn og Fjordane Teater/Riksteatret sin turne med Evert Taube-programmet «Så lenge skuta kan gå».

Tildelt Fylkeskulturprisen i 1986 og Medaasprisen i 2008 for bruk av nynorsk i norsk pop.

Olav Stedje då han fekk Spellemannsprisen i 1982 Foto: Erik Thorberg.

Olav Stedje då han fekk Spellemannsprisen i 1982 Foto: Erik Thorberg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.10.2013