Hopp til innhold
X
Innhald

Olavskjelda i Årøy

Det er ikkje berre i den vidgjetne fjellformasjonen Olavsklemma ( Verd å sjå i Lærdal) at vi finn segner etter den svært reiseglade kongen Olav den heilage.

Ei av dei utallige «Olavskjeldene» finn vi ved den gamle ferdslevegen mellom Barsnesfjorden og Hafslo ved Årøyelvi. Her som i andre «Olavskjelder», skal vatnet ha lekjande kraft. Også midt oppe i Sogndalsdalen ligg det ei Olavskjelde ved garden Ormalseng.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.08.2011