Hopp til innhold
X
Innhald

Ølmheim gamal handelsstad

På Ølmheim mellom Fardal og Norane var det handel frå slutten av 1700-talet. Kremmaren heitte Wilhelm Schielderup og kom frå Røneid i Gaupne.

Handelsbua låg på Jonsvoll nede ved stranda. Her var det også kai. Enkja etter Wilhelm dreiv handelen vidare saman med den nye ektemaken Ivar Leganger Heiberg fram til 1820. Då kjøpte bondeguten Eirik Madsson frå Norane eigedomen, og dreiv også brennevinshandel. Handelen vart lagt ned då Eirik døydde i 1857.

Sunnfjordingen Gjert Hovland tok opp att handelen etter ei tid, og seinare overtok sonen Karl Nornes fram til butikken vart avvikla på 1940-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.07.2008