Hopp til innhold
X
Innhald

Øvingsbane på Kaupangerskogen

I 1988 bygde Sogn Motorsenter øvingsbane for motorkøyrety på Kaupangerskogen. Bak Sogn Motorsenter stod NAF (Norges Automobilforbund), MA (Motorførernes Avholdsforbund), pluss Sogndal Sparebank og privatfirma i Sogn. I 1990 overtok NAF eineansvaret for bana. I 2002 vart det første godkjende go-cart-bana i fylket opna like ved øvingsbana.

Nedlegging i 2004

Men i 2004 vedtok NAF å legge ned glattkøyringsbana og heller konsentrere seg om glattkøyringsbana i Stardalen i Jølster (sjå denne). Køyreskulane i Sogndal prøvde å drive bana vidare for eiga rekning, men etter ein del om og men med først løyve, deretter nei frå Vegdirektoratet og så ja igjen, miste dei interessa. Seinare har bana på Kaupangerskogen vore brukt som øvingsbane for motorsykkel.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.08.2011