Hopp til innhold
X
Innhald

Øvre Amla som bustad for amtmannen

I 1741 får Michael Falch ein tittel å pynte seg med: Han vart «Commerce Raad» - ein rangtittel utan reelt mynde knytt til.

Etter at Michael Falch og kona Mette Marie Heiberg på 1720-talet hadde samla dei store eigedomane i Øvre Amla, heldt dei fram med å sanke jordisk gods. Dei sat også som eigarar av to store sagbruk på sjølve garden og eit par sagbruk i Vindedalen ved Lærdal. Dei slo også under seg ein mengd gardar elles i Sogn.

I 1741 får Michael Falch ein tittel å pynte seg med: Han vart «Commerce Raad» - ein rangtittel utan reelt mynde knytt til.

Etter Michael Falch overtok sonen Melchior Falch i Øvre Amla, men leigde godset vekk medan han sjølv var sorenskrivar på Sunnmøre. Ein av dei som leigde her, var den andre amtmannen i Nordre Bergenhus Amt - Magnus Theite - som var amtmann frå 1771 til 1779, då den 60 år gamle Melchior Falch flytta heim til Øvre Amla.

Store eigedomar i Årdal

Store eigedomar i Årdal

Ein av sønene som seinare overtok, heitte også Melchior Falch (1768-1849). Han var utdanna offiser og var m.a. løytnant i Strynske Compagnie frå 1794 til 1797 - sjå: Krigshistoria i Stryn. I 1795 kjøpte han garden Indre Ofredal ved Årdalsfjorden med store skogvidder til og dreiv sagbruk der. Han kjøpte også Kvitingsmorki i Årdal. Han var eigar av Øvre Amla etter broren frå 1810 og til han døydde.

Heim til ribba hus

Den neste eigaren i Øvre Amla vart no Hans Knagenhjelm Heiberg, som var fostra opp av Melchior Falch. Han var etla til å ta over garden, men var berre 17 år og umyndig då Melchior Falch døydde. Difor måtte det oppnemnast verje fram til Hans vart myndig.

Dei som vart verje for Hans Knagenhjelm Heiberg, var lensmann Johan Christian Jersin på Nedre Amla og jordbruksskulestyrar Lars Westrem. Sjølv gjekk Heiberg på denne tida Krigsskulen. Men medan den unge Hans var austafjells på militærteneste, skjedde det dramatiske ting på garden i Øvre Amla:

Mora hadde no gifta seg opp att, og fått fleire born. Då Hans kom heim for å overta garden i 1852, møtte han eit ribba hus. Dei andre arvingane hadde forsynt seg med det meste: Sølvsaker, lysekruner, møblar - og til og med ei mengd familieportrett - var spreidde for alle vindar.

Les meir om Amla-gardane

Stabbur i Øvre Amla. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stabbur i Øvre Amla. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.08.2011