Hopp til innhold
X
Innhald

Øystein L. Grøvlen

På dette biletet ser vi Grøvlabui bak til venstre. I framgrunnen varebilen til J. Johannessen. Ukjend fotograf. Eigar: Johan Johannessen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På dette biletet ser vi Grøvlabui bak til venstre. I framgrunnen varebilen til J. Johannessen. Ukjend fotograf. Eigar: Johan Johannessen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Øystein L. Grøvlen frå Guddalen i Fjaler starta landhandel i Sogndalsfjøra på 1890-talet. Broren Johannes var butikkbetjent og systera Laura stelte huset. Butikken vart på folkemunne kalla Grøvlabui.

Frå 1934 til 1952, då Sogndal Samyrkelag kjøpte tomta, dreiv systersonen Anton Sigurd J. Heggheim frå Fjaler butikken i Sogndalsfjøra.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2010