Hopp til innhold
X
Innhald

Pålshella ved Ylvisaker

Høgt oppe i fjellet over gardane Ylvisaker ved Fardal ligg ei stor steinhelle. Den vert kalla Pålshella. Den er 100 x 150 m stor, og ligg slik til at ein ottast den kan rase ut og øyeleggje gardane.

Segna fortel at for å hindre at den skulle ta laust, vart den vigd til apostelen Paulus - Pål på norsk. I kyrkja på staden vart det kvart år lese bøner til vern mot Pålshella, og for å få sagt fram desse kyrkjebønene måtte folk gje ei gåve til Kristkyrkja i Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2008