Hopp til innhold
X
Innhald

Park Minitell

Flåtengarden med Norlandia Park Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Flåtengarden med Norlandia Park Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Park Minitell vart starta i Sogndalsfjøra i 1967 av Inger og Erik A. Flåten.

Hotellet hadde 23 senger, og vart seinare utvida med m.a. restaurantar og symjebasseng. Då Flåten starta utbygginga av Vesterland Feriepark kring 1980, vart hotelldrifta i Sogndal avvikla. Men den vart teken opp att i 2007 under namnet Norlandia Park Hotell. I 2008 vart drifta av hotellet overlate til folk utanfor Flåten-slekta.

I 1985 bygde Erik A. Flåten ein stor forretningsgard - Flåtengarden - på 4.000 kvadratmeter i Sogndal sentrum. Heile bygget med unntak av nokre banklokale i 1. etasje, vart leigd ut til Sogn og Fjordane Distriktshøgskule.

Då høgskulen flytta frå bygget til Fosshaugane Campus i 2006, bygde Flåten om Flåtengården til 15 husvære og eit hotell med 20 senger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.12.2009