Hopp til innhold
X
Innhald

Peder J. Næss

Peder J. Næss (1856-1924) var ein pionér innan turistnæringa i Sogn. Han bygde Hofslund Hotel og starta den første bilruta i indre Sogn. © Fylkesarkivet.

Peder J. Næss (1856-1924) var ein pionér innan turistnæringa i Sogn. Han bygde Hofslund Hotel og starta den første bilruta i indre Sogn. © Fylkesarkivet.

Peder J. Næss (1856-1924). Frå Nes i Luster, busett i Sogndal. Hotelleigar og rutebilgründer.

Han og kona Anna f. Tørvi bygde kring 1890 Halsa Hotell i Øvre Romsdal. I 1909 kjøpte Næss den gamle gjestgjevarstaden på Hofslund i Sogndal og bygde Hofslund Hotell i 1912. Her dreiv han også skysstasjon, og i 1916 stod han i spissen for skipinga av Indre Sogn Automobilselskap (sjå: Transport- og rutebilselskap i Sogndal).

Næss var ein av grunnleggjarane av Sogndal Cementindustri L/L kring 1917, og vart også medeigar i Jostedalsbredens hotell som vart bygt på Elvekrok kring 1920.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011