Hopp til innhold
X
Innhald

Per Hilleren

Per Hilleren (1906-1994) fødd på Veitastrond, oppvaksen i Sogndal. Forfattar. Hilleren flytta mykje, og var m.a. også busett i Brekke i Gulen, Balestrand og Vadheim, forutan eit par stader på Austlandet.

Han var også i ein kort periode redaktør i lokalavisa Sygnabladet som kom ut i Sogndal i 1967. Hilleren var sterkt engasjert i kristeleg lagsarbeid, var ei tid tilsett ved Blå Kors i Bergen og reiste også som forkynnar for kristelege organisasjonar.

Stor bokproduksjon

Men mest kjend er Per Hilleren for ein svært stor produksjon av romanar og forteljingar med kristeleg innhald. Han debuterte i 1928 med ei samling prosadikt som heitte «Kveldssol».

Sidan kom i alt 46 bøker:

  • Nyrenning, ukjent forlag 1931
  • Makter, Bjørgvin /Lundes Forlag 1932
  • Morgon, Lundes Forlag 1933
  • Porten opnast, Lundes Forlag 1934
  • Det suser skogar, Lundes Forlag 1935
  • I motvind og bør, Indre sjømannsmisjons Forlag 1936
  • Gutane på Holbråten, forteljing, Gry Forlag 1936
  • Rusta strenger, Lundes Forlag 1936
  • Det syng i Skarvenuten, barneforteljing, Lundes Forlag 1937
  • Det fagre liv, Lundes Forlag 1937
  • Av jord skal det gro, Lundes Forlag 1938
  • Gull og kjærlighet, Lundes Forlag 1939
  • Medan heggen blømer, Lundes Forlag 1939
  • Du hører dalen til, Misjonsforbundets forlag 1940
  • Tunsvoll, tre bøker i eitt bind, Ansgar Forlag 1941
  • Vegen og porten, Ansgar Forlag 1942
  • Sommar, Ansgar Forlag 1945
  • Det blåser på heia, Skildring frå Vegårdshei, Ansgar Forlag 1947
  • Under blånende breer, Ansgar Forlag 1948
  • Strengene, Ansgar Forlag 1949
  • Nattens kvite blomst, De unges Forlag 1951
  • Skapningen lenges, Ansgar Forlag 1953
  • Tempelskogen, Ansgar Forlag 1953
  • Solfjellet, Ansgar Forlag 1953
  • Fagre jord, Ansgar Forlag 1954
  • Rakel, Ansgar Forlag 1959
  • Mot blå kveld, Lundes Forlag 1962
  • Bergljot, Ansgar Forlag 1964
  • Når det døde tre blomstrer, Ansgar Forlag 1965
  • Sangen fra fjellet, Ansgar Forlag 1965
  • Adresse Afrika, Ansgar Forlag 1966
  • Alltid en ny vår, Ansgar Forlag 1966
  • Stor bragd i fjellet, Ansgar Forlag 1966
  • Grønt lys, Ansgar Forlag 1967
  • Hasselberget, Ansgar Forlag 1968
  • Tid og rømder, Ansgar Forlag 1968
  • Profetnøkkelen, Filadelfiaforlaget 1969
  • Når sola står i Ørneskar, Ansgar Forlag 1972
  • Nyskapt jord, Filadelfiaforlaget 1972
  • Blå kveld, Ansgar Forlag 1973
  • Min fars hus, Ansgar Forlag 1974
  • Mellom solrenningstindar, utgjeve av Vestl. Indremisjonsforbund 1975.
  • Damaskusporten, Den kristene bokringen 1978
  • Støv fra Eden, Ansgar Forlag 1979
  • Gjengjeldelsen, Filadelfiaforlaget 1981.
  • Minneskog, sjølvbiografi, Filadelfiaforlaget 1981

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021