Hopp til innhold
X
Innhald

Per Stedje

Per Stedje (1884–1944) frå Sogndal, busett på Hermansverk.Forsøksstasjonsstyrar. Eksamen frå Sandved landbruksskule 1909 og hagebruksavdelinga ved Norges Landbrukshøgskole 1912.

Kommunegartnar i Eidskog 1910, styrar for frukt- og bærhagen ved NLH 1913, lærar ved Haslum landbruksskule og Sandved hagebruksskule, før han vart fylkesgartnar i Sogn og Fjordane 1915–1919, og i 1920 den første styraren ved Statens forsøksstasjon for frukt på Njøs.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011