Hopp til innhold
X
Innhald

Petter Øgar

Foto: NRK.

Foto: NRK.

Petter Øgar fødd 1953 i Oslo, busett i Sogndal til 2010. Fylkeslege.
Cand. med. 1978, og spesialist i samfunnsmedisin 1987 og almennmedisin 2000. Nordisk korrespondansekurs i helseøkonomi på masternivå 1990, Forvarets Høgskole totalforsvarskurs 1998.

Arbeidde m.a. som lege ved Kongsberg sjukehus 1980-1983, distriktslege i Stryn 1983-1984 og som kommunelege og helsesjef i Hornindal frå 1984 til 1995, då han vart fylkeslege - sjå: Fylkeslegen i Sogn og Fjordane.

Gjorde opptaket til «Kommunelege 1 - forum» i Sogn og Fjordane, og var leiar 1991-1995. Øgar var kst. helsedirektør eit halvt år i 2000. Deretter var han fylkeslege i Sogn og Fjordane fram til 2010, då han vart tilsett som ekspedisjonssjef i Helse- og omsorgsdepartementet.

Mellom ei mengd offentlege tillitsverv har Øgar m.a. leia revisjon av den fylkeskommunale helse- og sosialplanen 1992 og det statlege Luftambulanseautvalet 1997-1998, og har vore redaksjonsmedlem for fagbladet «Utposten» - blad for almenn- og samfunnsmedisin 1993-1997. Han har stått sentralt i arbeidet med handlingsplanar for førebygging og behandling av type 2-diabetes i regi av Norsk selskap for almennmedisin og Norges Forskningsråd.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.08.2011