Hopp til innhold
X
Innhald

Problemår og deling av verksemda

Lerum-anlegget på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lerum-anlegget på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Samarbeidet med Pepsi gjekk ikkje problemfritt. Mykje på grunn av denne samarbeidsavtalen gjekk Lerum med eit underskot på 2,1 millionar kroner i 1980. Også syltetøyproduksjonen svikta.

Problema gjorde at Lerum no delte opp verksemda i fleire selskap. Familien skipa Lerum Konserves A/S i 1981 og tok over syltetøyfabrikken i Sogndal. Anlegget på Foss heitte framleis A/S Lerums Saftfabrikk og dreiv si eiga verksemd med saft og mineralvatn. Ein periode vart det også vurdert å la Hansa Bryggeri overta på Foss, men dette vart det ikkje noko av.

Les meir om Lerum-konsernet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.08.2011