Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnvald Torvanger

Ragnvald Torvanger (1888-1971) frå Bremanger, busett i Sogndal. Prest. Torvanger var sokneprest i 30 år frå 1923 til 1953. Han var kjend som ein folkekjær og populær prest.

Fram til Torvanger kom hadde prestefamilien vore ein sjølvsagd del av fiffen i Sogndal. Men sidan Torvanger kom frå ein vanleg fiskarfamilie, vart han ikkje godteken der. Når han skulle ha gudsteneste i i Kaupanger-kyrkja, måtte han byte til presteklede hjå Sleppen. Den hundreår lange vanen med at presten fekk kome inn hjå godseigar Knagenhjelm på Kaupanger Hovedgård vart det slutt på, for godseigaren ville ikkje omgåast ein mann frå ”fiskarstanden”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.01.2010